onsdag 12. september 2012

Nettvett

I IKT-forelesninga i dag var temaet nettvett.  Hans Olav minna uss om at sjølv ein godt vaksen lærer som kjenner seg usikker på IKT, kan bidra med sunn skepsis. Meidekvardagen har vorte ein del meir komplisert, så den gode gamle nettvettplakaten frå 90-talet treng suplement, heldigvis fins det ein god del ressursar....
 
Så mange ressursar fins det at nettet i blant kan vere noko overveldande. Her finn ein jo hummer og kanari (eller både humbug og kaviar;) Så kollokviegruppa fordelte linkane seg i mellom og tok eit kritisk blikk på nytta for ungdomsskuleelvar.




Nina fann ut at avstemmninga på ung.no kunne vere eit godt utgangspunkt for diskusjon i elevgruppa. Eg foreslo å lage ei intern avstemming på LMS (t. d. Itslearning) for å ta tempen på elevane.



iktforelever.no er ei omfattande side med mange kurs i ulike aspekt ved IKT. Sida har taleinstruksjon og er sjølvinstureande, men passar kanskje betre for barnetrinnet.

Du bestemmer har mange gode kortfilmar som belyser problematikk rundt nettvett og digital mobbing. her kan du også bestille gratis brosjyrer.


 
 http://www.nettvett.no/ har mykje informasjon, m.a. ei ordliste, tips til sikker surfing med mobil og ein Quiz som burde by på ein liten utfordring for både ung og gamal.

Gode gamle NRK byr også på eit moraliserande klypp om konsekvensane av å "slenge med tastaturet".


Moava er ei stooor lenkesamling som viser til hundrevis av nye sider ein kan sjekke ut. Skriv gjerne ein kommentar dersom du anbefalar ei side!







torsdag 24. mai 2012

Eksamensprezi

Då var eksamen i IKT i læring 1 overstått! Me hadde heimeeksamen og fekk velge mellom tre praktiske oppgåver. Oppgåve B passa meg ypperleg- det var nemlig å lage ein prezi om jazzhistorien! Med bakgrunn frå musikklina følte eg meg forholdsvis på heimebane. Sidan dette var ein eksamen i IKT og ikkje musikkhistorie, fekk me ei ressurspakke med innhald for at form og framstilling skulle komme i fokus. Eg har altså berre klypt saman andres tekst og andres bilete, men kanskje går det an å bruke den i undervisninga likevel?

Her er dagens arbeid:
http://prezi.com/pnscqrgtd8aw/store-navn-i-amerikansk-jazzhistorie/


tirsdag 15. mai 2012

Hokus-pokus digital-iokus! Multimodalitet - eit vidundermiddel?

Ein artikkel på forskning.no viser til eit forskingsprosjekt der Glenn-Egil Torgersen har undersøkt kor mykje studentar på bachelornivå har fått med seg av undervisninga ved bruk av film eller rein tekst. Ting kan tyde på at dei med stor kapasitet i kortidsminnet har fått meir ut av multimodalitet, medan i det store og heile var læringsutbyttet betre ved rein tekst. 

Les heile artikkelen her:
http://www.forskning.no/artikler/2012/mars/315516

Læring er kompliserte greier, det blir for enkelt å putte alle multimodale tekstar i ein bås, eller alle tekstar i ein bås. Her poppar den gode gamle kommunikasjonsmodellen opp i hovudet mitt: 
http://web.brr.no/wordpress-brr/wp-content/uploads/2010/11/Kommunikasjonsmodellen.png


Ein aktiv tilhøyrar lærer meir, men sendaren må også tilpasse seg mottakaren for å nå fram.


torsdag 3. mai 2012

Vårreingjering

Du tenker kanskje ikkje på at det samlar seg like mykje lo og hybelkaniner i PCen som under senga, men det gjer det, faktisk. I Windows hopar det seg opp massevis av temp-filer som smussar til systemet og gjer dataen treigare. Derfor er det lurt å køyre CCleaner, Ashampoo eller andre reinskeprogram ein gong i veka. Også defragmentering, sjølvsagt;) Ta ei vårreingering på dataen og!

søndag 22. april 2012

Opphavsrett

No har eg gjort eit forsøk på å lese meg opp på opphavsrett, men dette er omfattande greier eg ikkje kjenner nevneverdig til frå før...

I Danmark har det nemleg kome ut ei bok om Creative commons for lærarar, som du kan fritt laste den ned som PDF.


Creative Commons er i følge Gisle Hannemyr (på creativecommons.org):

"(...) Creative Commons hovedprosjekt er å tilby ett sett med kvalitetssikrede juridisk bindende avtaler som gjør det mulig for rettighetshavere å gi forhåndslisens for visse opphavsrettigheter knyttet opp til at lisenstaker forplikter seg til å oppfylle visse vilkår, i en form som tåler å prøves for retten.
Videre tilbyr Creative Commons en standard for deling som sikrer at verk kan utgis, deles og evt. remixes på tvers av jurisdiksjoner og landegrenser"

"I en internasjonal kontekst er det viktig at de friheter og de vilkår som er knyttet til de spesifikke lisensene kommuniseres til publikum på en måte som er enkel og forståelig på tvers av kultur- og språkbarrierer. I Creative Commons skjer dette ved hjelp av enkle grafiske symboler, og en kort forklarende tekst som skal finnes på alle språk som Creative Commons er tilpasset. I tillegg til symbolene inneholder Commons Deed en kortfattet tekst som forklarer på et språk rettet mot ikke-jurister hvilke friheter og vilkår som er knyttet til lisensen. Øverst på siden er det lenker til Commons Deed for samme lisens på andre språk."
 
Dette biletet er henta frå ei side der ein kan søke opp bilete for bearbeiding og/eller kommersiell bruk
Har du lagt merke til CC-symbol nederst på ei webside eller i samband med bilete? Forstår du CC? Og korleis tenker du om opplæring i opphavsrett i skulen?

onsdag 18. april 2012

Samhandlingsverktøy på nett

Det som er typisk for Web 2.0 er interaktiviteten, surfing er ikkje lenger begrensa til å ta inn informasjon, men også å lenke, kommentere, poste, tagge og påvirke. Wikipedia er berre eit av mange eksempel.

Eit nettbasert samskrivingsverktøy er Etherpad, som blir brukt av m.a. Høgskulen i Sør-Trøndelag, eit anna
er Prezi. Ein kan lage ein privat presentasjon, publisere den for eit utval eller fritt på nettet. Andre kan også inviterast til å bidra.

For å stimulere elevanse si leselyst, trur eg at boktips frå jamnaldringar er ein god plan. Då eg gjekk på skulen hang me opp ark med bokmeldingar på klaseromsveggen, i dagens skule er det kanskje meir naturleg å gjere dette på nett. Ein Prezi med boktips kan vere eit langtidsprosjekt. Her kan du sjå utkastet.

Ein kan bli ganske sjøsjuk av å sjå på ein Prezi med roterande overgangar. Microsoft Power Point har heilt klart ikkje eineretten på misbruk av effektar... Det er også litt uvant for meg å orientere meg i redigeringsmodus sidan ein har ein ekstra dimensjon i forhold til trauste, gamle PP. Kanskje er det lettare for elevane å beherske fleire dimensjonar, det har dei jo praktisert i ulike spel.
Fortsetting følger......

tirsdag 17. april 2012

Digital kompetanse

Opphavsperson: Rolf K. Baltzersen. Ostfold University College, Norway.

Digital forteljing

Det er ganske raust av Rolf Baltzersen å legge ut heile boka si om digital historieforteljing. Han tek m.a. for seg tre pedagogiske tilnærmingar til digital historieforteljing:
  1. Undervisning som forteljing er når læraren brukar ein narrativ struktur på lærestoffet. Læraren må leite etter kontrastar og motsetningar i lærestoffet som kan engasjere elevane. 
  2. Sjølvrealisering.  Forteljingar er viktige for identitetsutviklinga. Elevane kan lage forteljingar om framtida slik dei ynskjer den skal vere, eller fortelje om forfedrene sine i lys av samtida.
  3. Konstruktivistisk. Arbeid med ei digital forteljing kan vere eit læringsprodukt av historisk eller naturfagleg utforsking i nærmiljøet.

mandag 20. februar 2012

Kjeldekritikk

I LK06 under kompetansemål i norskfaget etter 10. trinn står det at elevane skal :
"bruke tekster hentet fra bibliotek, Internett og massemedier på en kritisk måte, drøfte tekstene og referere til benyttede kilder"
Læreboka demonstrerte sin forgjengelighet ved å vise til det nedlagde skolenettet i delkapitlet om emnet. Eg tok dermed ferda ut på verdsveven og fann dette ypperlege kurset i kjeldekritikk.

onsdag 15. februar 2012

Time lapse

Ein superenkel måte å lage film på, er å sette kameraet til å ta eit bilete i minuttet el. l.

søndag 29. januar 2012

Veit du kva ACTA er?

Då kan denne videoen bøte på det, her fær du ei innføring laga av motstandarane.

(Takk til veslebror for tipset;)

lørdag 28. januar 2012

Oppgåve i Photoshop elements

Då har eg ferdigstilt mappeoppgåve 2: Fugleplakaten. Hovudpoenget med denne oppgåva var å beherske nokre av verktøya i photoshop. Heldigvis var ikkje dette heilt nytt for meg. Under ser du ein montasje eg laga i 2002.

Det pedagogiske hovudpoenget ved å undervise i biletbehandling er nok å gjere elevane medvetne kring den massive manipuleringa som finn stad.

Her kan du sjå kjedisbilete før og etter retusjering og her er det ein artikkel frå nettavisen der dei viser korleis Trotsky, Goebbels og atributtane til Emma Watson har fått gjennomgå.

fredag 27. januar 2012

Digitalt tankekart

Forrige veke lærte me om digitale tankekart på IKT-forelesninga. Eg lasta ned XMind og fann ut at eg skulle prøve å skrive forelesningsnotat på dette viset.
Slik vart det:
Eg er veldig glad i tankekart frå før og fordelen med ein digital variant er at ein kan dra rundt på punkta sine, ordne dei i kategoriar eller berre endre utforming t.d. slik:

onsdag 25. januar 2012

Nett-tv

NRK har mange ressursar som ein kan nytte i undervisninga. Snart skal me ha om Islam, og då tenkte eg at denne filmen kunne gje eit fint innblikk i moskeen og det religiøse livet til ein typisk norsk muslim.

Samandrag av pensumlitteratur