mandag 25. februar 2013

Digital støtte til lesetrening

Me veit at lesing er viktig, at det er grunnleggande for anna læring og at det ikkje er like lett for alle å utvikle gode leseferdigheiter. Eit aspekt ved lesinga er rett og slett avkodinga, at hjernen kjapt og greit koplar ordbilete med lyd og assosiasjon. Derfor er mengdetrening viktig og regelrett terping på dei mest brukte orda (dei høgfrekvente orda) nyttig. Stuenes skule i Arendal har lagt ut fleire power-pointar med høgfekvente ord på heimesida si.

søndag 24. februar 2013

Spel i undervisninga

forskning.no fann eg ein artikkel om korleis dataspel kan bli brukt i undervisninga. I artikkelen blir det vist til sida "Global conflict". Her finn ein m.a. spel om Afganistan, klesindustri og barnesoldatar på engelsk og norsk og eit spel om latinamerika på norsk. Dette verkar veldig spennande! Gratis lærardemo finn du her.

mandag 11. februar 2013

Digitalt kompetent?


 Kva er digital kompetanse? Og kva betyr det for meg som lærar i dagens 
skule?


I vår posta eg høgskulelektor Rolf K. Baltzersen sin digital kompetanse-trekant utan nærmare kommentar. Eg kikka på den og tenkte at: «her er det noko eg må sette meg nærare inn i». Det gjer eg altså no, ved å gå nærare inn på kva Baltzersen og andre kloke hovud legg i omgrepet «digital kompetanse».


I læreplanen vår Kunnskapsløftet er «Å bruke digitale verktøy» ein av dei såkalla «grunnleggande ferdigheitene» som me lærarar skal ha i mente uansett kva for fag me arbeider med. Det kan vere fort å forstå «digitale verktøy» som instrumentell bruk (ferdigheiter i filbehandling og bruk av program).  Men ved ei nærmare lesing av læreplanane for faga, viser det seg at både navigeringskompetanse, kjeldekritikk og bearbeidingskompetanse så vel som digitalt samarbeid, er nemnt. Dette var Hildegunn Otnes medviten kring då ho valde tittel på boka «Å vere digital i alle fag» . Ho skriv at dei «(…) ønsker å få fram at det digitale i mange av fagene innebærer meir enn tekniske redskaper, at det også er en ny måte å handle på, å tenke på, å uttrykke seg på - å forholde seg til verden på Desse tankane kring det digitale, som samfunnet vårt er så prega av, finn eg veldig interessante, så det kjem me attende til, men først tek me ei systematisk gjennomgang frå botnen av pyramiden:


Grunnleggande digitale ferdigheiter

Dersom me startar i botnen på pyramida, finn me «Grunnleggende digitale ferdigheter» som blir kort definert som «evnen til å ta i bruk egnet programvare til oppgaveløsning». Kva dette innebær, endrar seg naturleg nok over tid. Det er interessant at UDIR denne våren legg opp til ei kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter på 4. trinn. Det ser ut til at denne prøva ikkje begrensar seg til å teste denne første komponenten i pyramiden, men kva dei definerer som grunneleggande digitale ferdigheiter i 2013, hadde vore artig å vite. Det ser ikkje ut som det er publisert øvingsoppgåver enno. Kjenner du til innhaldet i prøvene? Kommentarar blir mottekne med takk ;)


Digital navigeringskompetanse

I fagplanen for norsk etter 4. trinn står det t.d. at: «(Mål for opplæringen er at eleven skal kunne) finne stoff til egne skrive- og arbeidsoppgaver på biblioteket og Internett». Å finne informasjon er kanskje den vanlegaste PC-aktiviteten i norske klassserom.  Då er det viktig å hugse på at sjølv om elevane tilsynelatande beherskar dette godt, er internett er eit mylder av tekstar av ulik kvalitet. Og strategiar for å bevege seg hensiktsmessig i dette mylderet, er noko elevane treng å lære av meg.  Litt usikker på relevansen for 9. trinn, hadde eg ei økt i haust der eg gjekk gjennom ulike søkestrategiar. Eg fortalte om domene og andre måtar å undersøke URL-en på, søk i emnekatalogar, bruk av anførselsteikn m.m. Me avslutta med ein søkekonkurranse som vekte stort engasjement, og i evalueringa etterpå svarte alle elevane at opplegget hadde vore nyttig og interessant! ;D


Kjeldekritisk vurderingskompetanse

På ungdomsskulen kan ein ikkje tråkke rundt på andre trinnet utan å bevege seg opp mot kjeldekritikken. Eg har tidlegare posta eit opplegg som gjev elevane ei kjapp innføring i  TONE. (Truverd, Objektivitet, Nøyaktighet og Egnethet). Frønes og Narvhus skriv (i 2012) at norske elevar er naive og unøyaktige i møte med digitale kjelder. Både relevans, truverd og objektivitet er vanskeleg å vurdere for dei. Dei konkluderer med at det er stor avstand mellom elvevane sin kunnskap om kjeldekritikk og det samfunnet krevjer og at dette derfor er ei stor oppgåve for skulen. I artikkelen finn me ein tabell med spørsmål der TONE blir anvendt på forfattaren, utgjevaren, teksttype/sjanger og innhaldet i teksten. Eg laga ein oppgåvetekst med tanke på ungdomsskuleelevar basert på denne tabellen.
For å vurdere om ei kjede er egna, må elevane (som ved meiningsfull lesing av fagtekst generelt) ha ei klar formeining om kva dei ser etter  eller ei konkret oppgåve å besvare. Å leite rundt for å «finne noko om» eit stort tema, er vanskeleg. Ein røynd lesar/nettbrukar lagar seg delspørsmål som han/ho undersøkar. På vegen mot å lære elvane å bryte eit stort tema ned i mindre problemstillingar, kan læraren lage gode spørsmål og tipse elevane om relevante søkeord.
Når det gjeld informasjonssøk i RLE-faget, sorterer Geir Winje nettsider med informasjon etter fire S-ar:  saklege, salige, sinte og selgande.  Sjølvsagt er me interessert i dei saklege sidene til undervisningsbruk, men han meiner at dei «salige sidene», altså dei truande sitt innanfråperspektiv, så vel som dei «sinte sidene» (sterkt kritiske sider, ofte eit personleg utanfråperspektiv) også har sin plass i undervisninga. Han anbefalar å bruke Scientologikyrkja som tema når elevane skal øve på kritisk informasjonssøk. Eg ser at eit søk på t.d. «Jehovas vitner» også gjev ei fin blanding av salige og sinte sider.


Digital bearbeidingskompetanse

Digital bearbeidingskompetanse innebær evna til å nytte det andre har publisert på ein kreativ og lovleg måte. Dagens internett blir kalla «web 2.0» og er kjenneteikna av å vere meir dialogisk/interaktiv enn det nettet me hadde på 90-talet. Me linkar og postar, klikkar «liker» og kommenterer. Me er utsett for langt fleire «multimodale tekstar» enn tekstar i berre ein modalitet. I norskfaget er samansette tekstar eit eige hovudområde. I læreplanen står det at: «Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster.»  Når elevane sjølve skal lage samansette tekstar, er dei ofte lite reflekterte kring tema som opphavsrett. Etter å ha moralisert litt over åndsverklova, tok eg dermed tak i Creative Commons og laga ei lita bildeplansjeoppgåve til elevane.  Ved å merke noko med CC-lisens, gjev ein eit nyansert løyve til bruken av t.d. eit bilete. Dersom biletet har lisensen Noncommercial, tyder det at ein kan bruke biletet så lenge ein viser til opphavspersonen, men kan ikkje bearbeide det. Dersom ein er ute etter eit bilete til kommersielle føremål, må ein vere obs på

 -symbolet.  Dette indikerer at ein må få spesiell godkjenning frå opphavspersonen dersom ein ynskjer å bruke biletet til dette. På sida Flickr kan ein søke etter bilete gruppert etter cc-lisens.


Digital samarbeidskompetanse

Andreas Lund gjer greie for omgrepet «kollaborasjon» og stig dermed inn på femte trinn i pyramiden til Baltzersen. Kollaborasjon er eit samarbeid der deltakarane heile tida har blikket på sitt eige bidrag i forhold til heilskapen. Over nett kan kollaborasjonen skje i stor skala og resultere i ting som folkeleksikonet Wikipedia eller skape noko heilt nytt.
Lund gjev ei smørbrødliste over kva som kjenneteiknar ei god, kollaborerande (skule-) oppgåve.
Oppgåva må:



  • Vere i samsvar med verktøya (t.d. ikkje legge opp til å bli besvart i form av ein wiki dersom eleven kan løyse den individuelt)
  • Vere «meta» (scenarier, alternativ, hypoteser, samanhengar, årsak-verknad, narrativ –altså sette fokuset på korleis me skapar ei forståing for og forklaring på verda
  • Ha merksemd på både lokal og global kunnskapsproduksjon (kollaborasjon)
  • Opne for at elevane kan bruke både skulelærdom og eigne erfaringar. Både samanheng og kontrastar gjev moglegheit for refleksjon.



Fleire stemmer innanfor pedagogikk og IKT snakkar om korleis det digitale ikkje berre overfører gamle handlingar til nye omgjevnader (t.d. frå  bank til nettbank, frå papirpost til digitial post), men korleis det digitale endrar sjølve måten me samhandlar på. For det er no ein gang slik at «Informasjon og Teknologi» fekk ein ny og brautande nabo som snart gjorde seg bemerka: «Kommunikasjon». Sidan kommunikasjon er fleirstemmig og dynamisk (G.H. Mead) , djupt menneskeleg og etter nokre pedagogiske tenkarar si formeining - der kulturen vår blir til seier det seg kanskje sjølv at når kommunikasjonen blir digital, skjer det drastiske ting med samfunnet.


Digital danning


«Danning» blir i Store norske leksikon definert slik: «forming av menneskets personlighet, evner og anlegg, oppførsel og moralsk holdning gjennom oppdragelse, miljø og utdanning.» Eg vil våge å påstå at me til stadighet dannast, også som vaksne. Like fult er det dette med danninga i barne- og ungdomsåra som gjer skulen så facinerande og vanskeleg på same tid. Læringsplakaten i Kunnskapsløftet kan me forstå som ei utdjuping av kva danning vil seie.  
Dei aller fleste av Noregs befolkning er del av nettverkssamfunnet i 2013. Eit nettverkssamfunn er: “a society where the key social structures and activities are organized around electronically processed information networks”. Når me har moglegheiten for massesamarbeid mellom aktørar som deler ei interesse eller eit behov uavhengig av tid, stad, bakgrunn og kultur, endrar det kulturen, maktfordelinga og korleis me erfarer og produserer.  Den digitale danninga på toppen av pyramiden til Baltzersen kan me forstå som ei syntese av dei andre komponenta, men også slik som figuren til høgre visualiserar: som ei forståing for det dette digitale samfunnet. Som Ola Erstad formulerer det: «refleksjon omkring konsekvensene av den digitale utviklingen for individet, kollektivet, samfunnet og kulturen.» 

Så kva trur du? Kva for konsekvensar kjem den vidare digitale utviklinga til å få for samfunnet? Og for skulen?