torsdag 24. mai 2012

Eksamensprezi

Då var eksamen i IKT i læring 1 overstått! Me hadde heimeeksamen og fekk velge mellom tre praktiske oppgåver. Oppgåve B passa meg ypperleg- det var nemlig å lage ein prezi om jazzhistorien! Med bakgrunn frå musikklina følte eg meg forholdsvis på heimebane. Sidan dette var ein eksamen i IKT og ikkje musikkhistorie, fekk me ei ressurspakke med innhald for at form og framstilling skulle komme i fokus. Eg har altså berre klypt saman andres tekst og andres bilete, men kanskje går det an å bruke den i undervisninga likevel?

Her er dagens arbeid:
http://prezi.com/pnscqrgtd8aw/store-navn-i-amerikansk-jazzhistorie/


tirsdag 15. mai 2012

Hokus-pokus digital-iokus! Multimodalitet - eit vidundermiddel?

Ein artikkel på forskning.no viser til eit forskingsprosjekt der Glenn-Egil Torgersen har undersøkt kor mykje studentar på bachelornivå har fått med seg av undervisninga ved bruk av film eller rein tekst. Ting kan tyde på at dei med stor kapasitet i kortidsminnet har fått meir ut av multimodalitet, medan i det store og heile var læringsutbyttet betre ved rein tekst. 

Les heile artikkelen her:
http://www.forskning.no/artikler/2012/mars/315516

Læring er kompliserte greier, det blir for enkelt å putte alle multimodale tekstar i ein bås, eller alle tekstar i ein bås. Her poppar den gode gamle kommunikasjonsmodellen opp i hovudet mitt: 
http://web.brr.no/wordpress-brr/wp-content/uploads/2010/11/Kommunikasjonsmodellen.png


Ein aktiv tilhøyrar lærer meir, men sendaren må også tilpasse seg mottakaren for å nå fram.


torsdag 3. mai 2012

Vårreingjering

Du tenker kanskje ikkje på at det samlar seg like mykje lo og hybelkaniner i PCen som under senga, men det gjer det, faktisk. I Windows hopar det seg opp massevis av temp-filer som smussar til systemet og gjer dataen treigare. Derfor er det lurt å køyre CCleaner, Ashampoo eller andre reinskeprogram ein gong i veka. Også defragmentering, sjølvsagt;) Ta ei vårreingering på dataen og!