søndag 22. april 2012

Opphavsrett

No har eg gjort eit forsøk på å lese meg opp på opphavsrett, men dette er omfattande greier eg ikkje kjenner nevneverdig til frå før...

I Danmark har det nemleg kome ut ei bok om Creative commons for lærarar, som du kan fritt laste den ned som PDF.


Creative Commons er i følge Gisle Hannemyr (på creativecommons.org):

"(...) Creative Commons hovedprosjekt er å tilby ett sett med kvalitetssikrede juridisk bindende avtaler som gjør det mulig for rettighetshavere å gi forhåndslisens for visse opphavsrettigheter knyttet opp til at lisenstaker forplikter seg til å oppfylle visse vilkår, i en form som tåler å prøves for retten.
Videre tilbyr Creative Commons en standard for deling som sikrer at verk kan utgis, deles og evt. remixes på tvers av jurisdiksjoner og landegrenser"

"I en internasjonal kontekst er det viktig at de friheter og de vilkår som er knyttet til de spesifikke lisensene kommuniseres til publikum på en måte som er enkel og forståelig på tvers av kultur- og språkbarrierer. I Creative Commons skjer dette ved hjelp av enkle grafiske symboler, og en kort forklarende tekst som skal finnes på alle språk som Creative Commons er tilpasset. I tillegg til symbolene inneholder Commons Deed en kortfattet tekst som forklarer på et språk rettet mot ikke-jurister hvilke friheter og vilkår som er knyttet til lisensen. Øverst på siden er det lenker til Commons Deed for samme lisens på andre språk."
 
Dette biletet er henta frå ei side der ein kan søke opp bilete for bearbeiding og/eller kommersiell bruk
Har du lagt merke til CC-symbol nederst på ei webside eller i samband med bilete? Forstår du CC? Og korleis tenker du om opplæring i opphavsrett i skulen?

onsdag 18. april 2012

Samhandlingsverktøy på nett

Det som er typisk for Web 2.0 er interaktiviteten, surfing er ikkje lenger begrensa til å ta inn informasjon, men også å lenke, kommentere, poste, tagge og påvirke. Wikipedia er berre eit av mange eksempel.

Eit nettbasert samskrivingsverktøy er Etherpad, som blir brukt av m.a. Høgskulen i Sør-Trøndelag, eit anna
er Prezi. Ein kan lage ein privat presentasjon, publisere den for eit utval eller fritt på nettet. Andre kan også inviterast til å bidra.

For å stimulere elevanse si leselyst, trur eg at boktips frå jamnaldringar er ein god plan. Då eg gjekk på skulen hang me opp ark med bokmeldingar på klaseromsveggen, i dagens skule er det kanskje meir naturleg å gjere dette på nett. Ein Prezi med boktips kan vere eit langtidsprosjekt. Her kan du sjå utkastet.

Ein kan bli ganske sjøsjuk av å sjå på ein Prezi med roterande overgangar. Microsoft Power Point har heilt klart ikkje eineretten på misbruk av effektar... Det er også litt uvant for meg å orientere meg i redigeringsmodus sidan ein har ein ekstra dimensjon i forhold til trauste, gamle PP. Kanskje er det lettare for elevane å beherske fleire dimensjonar, det har dei jo praktisert i ulike spel.
Fortsetting følger......

tirsdag 17. april 2012

Digital kompetanse

Opphavsperson: Rolf K. Baltzersen. Ostfold University College, Norway.

Digital forteljing

Det er ganske raust av Rolf Baltzersen å legge ut heile boka si om digital historieforteljing. Han tek m.a. for seg tre pedagogiske tilnærmingar til digital historieforteljing:
  1. Undervisning som forteljing er når læraren brukar ein narrativ struktur på lærestoffet. Læraren må leite etter kontrastar og motsetningar i lærestoffet som kan engasjere elevane. 
  2. Sjølvrealisering.  Forteljingar er viktige for identitetsutviklinga. Elevane kan lage forteljingar om framtida slik dei ynskjer den skal vere, eller fortelje om forfedrene sine i lys av samtida.
  3. Konstruktivistisk. Arbeid med ei digital forteljing kan vere eit læringsprodukt av historisk eller naturfagleg utforsking i nærmiljøet.