lørdag 22. juni 2013

«Å vere digital i alle fag» er meir enn å bruke office-pakka

La oss zoome inn i eit tilfeldig klasserom i Noreg. Elevane har ganske god tilgang på PC-ar, i Samfunnsfag brukar læraren PowerPoint som støtte til førelesninga si, i mattetimen fær elevane oppgåver som skal løysast i Excel og i norsktimen brukar dei Word.  Eg vil likevel påstå at desse aktivitetane ikkje automatisk inneberer at elevane blir digitale i alle fag. «Å vere digital»  er nemleg noko meir enn å bruke Office-pakka:  det er både å innhente, vurdere og anvende informasjon, og det utfordrar også skulen på både læringssyn, vurdering og organisering.

Digitale hjelpemiddel i undervisninga

«Å kunne bruke digitale verktøy» er ein av dei grunnleggande ferdigheitene i Læreplanen Kunnskapsløftet, og det er på sin plass, for me lever i eit utprega digitalt samfunn. Ein tekst eller eit bilete kan kopierast i millionar på kort tid, me kan ha videokontakt i samtid over store avstandar og med moderne internettkopla telefonar har ein tilgang på all verdas informasjon i få tastetrykk. Dette inneber at ein har mange mogleg heiter til digital støtte i undervisning og læring.

Kartundervisninga blir noko heilt anna dersom ein brukar Google Earth og geografiske informasjonssystem. Elevane kan dermed utforske og analysere utvalde kartdata, men har også moglegheit til å bidra med kartfesta informasjon sjølve, t.d. dialektprøver eller kulturminnefunn. Norskundervisninga har fått hjelp av dei digitale ordlistene til universitetet i Oslo, der ein fær opp bøyinga til alle norske ord. Språkrådet har på sine skulesider omfattande og fleksible oppgåvesett på nynorsk rettskriving, «norsksidene.no» har forutan fagstoff om sjangrar, mange rettskrivingsoppgåver på begge målformer med umiddelbar respons. Forlaga har også starta å utvikle digitale læremiddel med arbeidslette for læraren, enklare tilpassing og meir moro for eleven. Når ein nyttar læringsplattformar (Fronter, Itslerarning og liknande) og digitale læremiddel i undervisninga, er elevane på veg mot «å bli digitale», men det er altså meir som skal til.

Informasjonsveldet

Læreboka og biblioteket har fått solid konkurranse av PC-en. Informasjonsinnhenting via PC har vorte ein kjær PC-aktivitet i norske klasserom. Men sjølv om elevane kanskje har googla sidan dei gjekk i bleie, betyr det ikkje at dei er utlærte. Mi erfaring er at elevane oftast havnar på Wikipedia. Wikipedia er eit opent nettleksikon der kven som helst kan legge til eller endre innhaldet. Sjølv om kvalitetssiktinga blir utførd av brukarane, har fagfolk og kunnige lekfolk gjort dette til eit innhaldsrikt leksikon som stadig er «up to date». Eit rimeleg krav til elevtekstar med kjeldeliste, er imidlertid at opplysningane er kryssjekka med fleire kjelder. Dersom ein har yngre elevar, eller ha lyst til å styre sjølve leitinga etter informasjon, kan ein lage ei lenkeliste som elevane skal plukke frå. Ein bør også vise elevane at det somme tider kan vere lurt å droppe googlinga, men heller bruke søkefunksjonen når ein har komme seg inn på ei turverdig side som t.d. Helsedirektoratet, Holocaustsenteret eller liknande.

Medan ein i tradisjonelle media har redaktørar som filtrerer informasjon, er det fritt fram for kven som helst å publisere på nett. I tillegg til å finne informasjon, må elevane lære å forhalde seg kritisk til det dei finn. Å vere kritisk er ikkje nødvendigvis å sile vekk alt som ikkje er sakleg. Det er vel så viktig å sette elevane i stand til å «sette merkelapp» (analysere) sidene dei finn. Geir Winje foreslår å sortere nettstader om trusretningar under «dei fire s-ane»: Saklege, salege, sinte og seljande sider. I staden for å omgå alt som ikkje er sakleg, meiner han at elevane må øvast i å vurdere kva for hensikt som ligg bak dei ulike nettsidene.

Plagieringsproblematikken

Som lærar i ungdomsskulen vart eg fort konfrontert med plagieringsproblematikken. Det er så lett for elevane å finne informasjon og kopiere den inn i deira eigne tekstar, for ikkje å snakke om kor enkel rein plagiering av andres skuletekstar er. Frasesøk (søk på delvise eller heile setningar omslutta av hermeteikn) og plagieringskontrollen i Itslearning har avdekka at dette er ganske utbreidd. Ei løysing er sjølvsagt å berre vurdere elevane si skriving ved skriveøkter på skulen utan nett-tilgang, men eg har oppdaga dei rike moglegheitene for tilpassa opplæring og motiverande og matnyttig undervegsvurdering som prosess-skriving inneberer. Dermed vil eg ha tekstproduksjon over tid, med samarbeid og nett-tilgang. Dette betyr at eg, i tillegg til å kurse elevane i søketeknikk og korrekte kjeldelister, også bør øve dei i korleis dei skal forhalde seg til kjeldene sine.

Ei type kjelde som ikkje lar seg klyppe og lime inn i ein artikkel, er filmar. NRK har drøssevis med faglege filmsnuttar av ulik lengde som tvingar elevane til å formulere seg sjølvstendig. Leif Harboe understrekar at obligatorisk innlevering av disposisjon og førsteutkast verkar preventivt mot plagiering, og at ein må øve elevane i å skrive sitat og omskriving. Men han peikar også på at me kanskje burde endre på sjølve skriveoppgåvene. Me kan rett og slett gje elevane to eller fleire kjelder med ulike vinklingar på eit tema og be dei om gjere greie for korleis og kvifor dei er ulike. Ein kan alternativt ha ein del to der elevane argumenterer for valet av kjelder til teksten.

Ny praksis?

Skulen er treig materie der endring går saktare enn i fritidskulturen og samfunnet elles. Sjølv om vi inkluderer digitale læremiddel og ulik programvare i undervisninga, sit mange normer og tradisjonar «i veggane». Vi har lett for å putte det digitale inn i eksisterande rammer. Før: gjere lekser i skriveboka, no: gjere lekser i Word. Før: undervisning med kritt og tavle, no: undervisning med PowerPoint. Det som både er skremmande og spennande på ein gong, er at digitaliseringa av samfunnet utfordrar både læringssynet vårt og vurderingspraksisen vår.


Arne Krokan meiner t.d. at kva som er rasjonell og effektiv undervisning, ikkje er det same i dag som for 50 år sidan. Han peikar også på at i det moderne samfunnet er læring å vere forbunde. Ein treng ikkje å tileigne seg kunnskap så lenge ein veit korleis ein skal «kople seg på» dei rette nettverka. Følgjande meiner han at heile skulen burde organiserast annleis. Eit forsiktig forsøk på anna organisering, er konseptet «omvendt undervisning». Dette går ut på at ein lagar videoførelesningar som førebuing til timen, medan tida på skulen i større grad blir nytta til samtale og oppfølging av elevane. Som eg har vore noko inne på, er nok vurderingstradisjonane også modne for endring. Eg håpar me kjem til å sjå ei vriding frå å vurdere isolerte elevar sine kunnskapar, til å vurdere korleis elevar i fellesskap analyserer og anvender kunnskapar og ferdigheiter. Den digitale skulen kan vere radikalt annleis.

lørdag 2. mars 2013

Test lesehastigheten

Eg fann ei side der ein kan teste lesehastigheten sin. På test 1, 3 og 5 skal ein klikke på riktig ord inne i parentesen, akkurat som i Carlsten lesetest. Dei to andre testane har kontrollspørsmål tilslutt. Eg har faktisk ein funksjonell lesehastighet på 300 ord i minuttet! Kva har du?

mandag 25. februar 2013

Digital støtte til lesetrening

Me veit at lesing er viktig, at det er grunnleggande for anna læring og at det ikkje er like lett for alle å utvikle gode leseferdigheiter. Eit aspekt ved lesinga er rett og slett avkodinga, at hjernen kjapt og greit koplar ordbilete med lyd og assosiasjon. Derfor er mengdetrening viktig og regelrett terping på dei mest brukte orda (dei høgfrekvente orda) nyttig. Stuenes skule i Arendal har lagt ut fleire power-pointar med høgfekvente ord på heimesida si.

søndag 24. februar 2013

Spel i undervisninga

forskning.no fann eg ein artikkel om korleis dataspel kan bli brukt i undervisninga. I artikkelen blir det vist til sida "Global conflict". Her finn ein m.a. spel om Afganistan, klesindustri og barnesoldatar på engelsk og norsk og eit spel om latinamerika på norsk. Dette verkar veldig spennande! Gratis lærardemo finn du her.

mandag 11. februar 2013

Digitalt kompetent?


 Kva er digital kompetanse? Og kva betyr det for meg som lærar i dagens 
skule?


I vår posta eg høgskulelektor Rolf K. Baltzersen sin digital kompetanse-trekant utan nærmare kommentar. Eg kikka på den og tenkte at: «her er det noko eg må sette meg nærare inn i». Det gjer eg altså no, ved å gå nærare inn på kva Baltzersen og andre kloke hovud legg i omgrepet «digital kompetanse».


I læreplanen vår Kunnskapsløftet er «Å bruke digitale verktøy» ein av dei såkalla «grunnleggande ferdigheitene» som me lærarar skal ha i mente uansett kva for fag me arbeider med. Det kan vere fort å forstå «digitale verktøy» som instrumentell bruk (ferdigheiter i filbehandling og bruk av program).  Men ved ei nærmare lesing av læreplanane for faga, viser det seg at både navigeringskompetanse, kjeldekritikk og bearbeidingskompetanse så vel som digitalt samarbeid, er nemnt. Dette var Hildegunn Otnes medviten kring då ho valde tittel på boka «Å vere digital i alle fag» . Ho skriv at dei «(…) ønsker å få fram at det digitale i mange av fagene innebærer meir enn tekniske redskaper, at det også er en ny måte å handle på, å tenke på, å uttrykke seg på - å forholde seg til verden på Desse tankane kring det digitale, som samfunnet vårt er så prega av, finn eg veldig interessante, så det kjem me attende til, men først tek me ei systematisk gjennomgang frå botnen av pyramiden:


Grunnleggande digitale ferdigheiter

Dersom me startar i botnen på pyramida, finn me «Grunnleggende digitale ferdigheter» som blir kort definert som «evnen til å ta i bruk egnet programvare til oppgaveløsning». Kva dette innebær, endrar seg naturleg nok over tid. Det er interessant at UDIR denne våren legg opp til ei kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter på 4. trinn. Det ser ut til at denne prøva ikkje begrensar seg til å teste denne første komponenten i pyramiden, men kva dei definerer som grunneleggande digitale ferdigheiter i 2013, hadde vore artig å vite. Det ser ikkje ut som det er publisert øvingsoppgåver enno. Kjenner du til innhaldet i prøvene? Kommentarar blir mottekne med takk ;)


Digital navigeringskompetanse

I fagplanen for norsk etter 4. trinn står det t.d. at: «(Mål for opplæringen er at eleven skal kunne) finne stoff til egne skrive- og arbeidsoppgaver på biblioteket og Internett». Å finne informasjon er kanskje den vanlegaste PC-aktiviteten i norske klassserom.  Då er det viktig å hugse på at sjølv om elevane tilsynelatande beherskar dette godt, er internett er eit mylder av tekstar av ulik kvalitet. Og strategiar for å bevege seg hensiktsmessig i dette mylderet, er noko elevane treng å lære av meg.  Litt usikker på relevansen for 9. trinn, hadde eg ei økt i haust der eg gjekk gjennom ulike søkestrategiar. Eg fortalte om domene og andre måtar å undersøke URL-en på, søk i emnekatalogar, bruk av anførselsteikn m.m. Me avslutta med ein søkekonkurranse som vekte stort engasjement, og i evalueringa etterpå svarte alle elevane at opplegget hadde vore nyttig og interessant! ;D


Kjeldekritisk vurderingskompetanse

På ungdomsskulen kan ein ikkje tråkke rundt på andre trinnet utan å bevege seg opp mot kjeldekritikken. Eg har tidlegare posta eit opplegg som gjev elevane ei kjapp innføring i  TONE. (Truverd, Objektivitet, Nøyaktighet og Egnethet). Frønes og Narvhus skriv (i 2012) at norske elevar er naive og unøyaktige i møte med digitale kjelder. Både relevans, truverd og objektivitet er vanskeleg å vurdere for dei. Dei konkluderer med at det er stor avstand mellom elvevane sin kunnskap om kjeldekritikk og det samfunnet krevjer og at dette derfor er ei stor oppgåve for skulen. I artikkelen finn me ein tabell med spørsmål der TONE blir anvendt på forfattaren, utgjevaren, teksttype/sjanger og innhaldet i teksten. Eg laga ein oppgåvetekst med tanke på ungdomsskuleelevar basert på denne tabellen.
For å vurdere om ei kjede er egna, må elevane (som ved meiningsfull lesing av fagtekst generelt) ha ei klar formeining om kva dei ser etter  eller ei konkret oppgåve å besvare. Å leite rundt for å «finne noko om» eit stort tema, er vanskeleg. Ein røynd lesar/nettbrukar lagar seg delspørsmål som han/ho undersøkar. På vegen mot å lære elvane å bryte eit stort tema ned i mindre problemstillingar, kan læraren lage gode spørsmål og tipse elevane om relevante søkeord.
Når det gjeld informasjonssøk i RLE-faget, sorterer Geir Winje nettsider med informasjon etter fire S-ar:  saklege, salige, sinte og selgande.  Sjølvsagt er me interessert i dei saklege sidene til undervisningsbruk, men han meiner at dei «salige sidene», altså dei truande sitt innanfråperspektiv, så vel som dei «sinte sidene» (sterkt kritiske sider, ofte eit personleg utanfråperspektiv) også har sin plass i undervisninga. Han anbefalar å bruke Scientologikyrkja som tema når elevane skal øve på kritisk informasjonssøk. Eg ser at eit søk på t.d. «Jehovas vitner» også gjev ei fin blanding av salige og sinte sider.


Digital bearbeidingskompetanse

Digital bearbeidingskompetanse innebær evna til å nytte det andre har publisert på ein kreativ og lovleg måte. Dagens internett blir kalla «web 2.0» og er kjenneteikna av å vere meir dialogisk/interaktiv enn det nettet me hadde på 90-talet. Me linkar og postar, klikkar «liker» og kommenterer. Me er utsett for langt fleire «multimodale tekstar» enn tekstar i berre ein modalitet. I norskfaget er samansette tekstar eit eige hovudområde. I læreplanen står det at: «Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster.»  Når elevane sjølve skal lage samansette tekstar, er dei ofte lite reflekterte kring tema som opphavsrett. Etter å ha moralisert litt over åndsverklova, tok eg dermed tak i Creative Commons og laga ei lita bildeplansjeoppgåve til elevane.  Ved å merke noko med CC-lisens, gjev ein eit nyansert løyve til bruken av t.d. eit bilete. Dersom biletet har lisensen Noncommercial, tyder det at ein kan bruke biletet så lenge ein viser til opphavspersonen, men kan ikkje bearbeide det. Dersom ein er ute etter eit bilete til kommersielle føremål, må ein vere obs på

 -symbolet.  Dette indikerer at ein må få spesiell godkjenning frå opphavspersonen dersom ein ynskjer å bruke biletet til dette. På sida Flickr kan ein søke etter bilete gruppert etter cc-lisens.


Digital samarbeidskompetanse

Andreas Lund gjer greie for omgrepet «kollaborasjon» og stig dermed inn på femte trinn i pyramiden til Baltzersen. Kollaborasjon er eit samarbeid der deltakarane heile tida har blikket på sitt eige bidrag i forhold til heilskapen. Over nett kan kollaborasjonen skje i stor skala og resultere i ting som folkeleksikonet Wikipedia eller skape noko heilt nytt.
Lund gjev ei smørbrødliste over kva som kjenneteiknar ei god, kollaborerande (skule-) oppgåve.
Oppgåva må:



  • Vere i samsvar med verktøya (t.d. ikkje legge opp til å bli besvart i form av ein wiki dersom eleven kan løyse den individuelt)
  • Vere «meta» (scenarier, alternativ, hypoteser, samanhengar, årsak-verknad, narrativ –altså sette fokuset på korleis me skapar ei forståing for og forklaring på verda
  • Ha merksemd på både lokal og global kunnskapsproduksjon (kollaborasjon)
  • Opne for at elevane kan bruke både skulelærdom og eigne erfaringar. Både samanheng og kontrastar gjev moglegheit for refleksjon.



Fleire stemmer innanfor pedagogikk og IKT snakkar om korleis det digitale ikkje berre overfører gamle handlingar til nye omgjevnader (t.d. frå  bank til nettbank, frå papirpost til digitial post), men korleis det digitale endrar sjølve måten me samhandlar på. For det er no ein gang slik at «Informasjon og Teknologi» fekk ein ny og brautande nabo som snart gjorde seg bemerka: «Kommunikasjon». Sidan kommunikasjon er fleirstemmig og dynamisk (G.H. Mead) , djupt menneskeleg og etter nokre pedagogiske tenkarar si formeining - der kulturen vår blir til seier det seg kanskje sjølv at når kommunikasjonen blir digital, skjer det drastiske ting med samfunnet.


Digital danning


«Danning» blir i Store norske leksikon definert slik: «forming av menneskets personlighet, evner og anlegg, oppførsel og moralsk holdning gjennom oppdragelse, miljø og utdanning.» Eg vil våge å påstå at me til stadighet dannast, også som vaksne. Like fult er det dette med danninga i barne- og ungdomsåra som gjer skulen så facinerande og vanskeleg på same tid. Læringsplakaten i Kunnskapsløftet kan me forstå som ei utdjuping av kva danning vil seie.  
Dei aller fleste av Noregs befolkning er del av nettverkssamfunnet i 2013. Eit nettverkssamfunn er: “a society where the key social structures and activities are organized around electronically processed information networks”. Når me har moglegheiten for massesamarbeid mellom aktørar som deler ei interesse eller eit behov uavhengig av tid, stad, bakgrunn og kultur, endrar det kulturen, maktfordelinga og korleis me erfarer og produserer.  Den digitale danninga på toppen av pyramiden til Baltzersen kan me forstå som ei syntese av dei andre komponenta, men også slik som figuren til høgre visualiserar: som ei forståing for det dette digitale samfunnet. Som Ola Erstad formulerer det: «refleksjon omkring konsekvensene av den digitale utviklingen for individet, kollektivet, samfunnet og kulturen.» 

Så kva trur du? Kva for konsekvensar kjem den vidare digitale utviklinga til å få for samfunnet? Og for skulen?