La oss zoome inn i
eit tilfeldig klasserom i Noreg. Elevane har ganske god tilgang på PC-ar, i
Samfunnsfag brukar læraren PowerPoint som støtte til førelesninga si, i
mattetimen fær elevane oppgåver som skal løysast i Excel og i norsktimen brukar
dei Word. Eg vil likevel påstå at desse
aktivitetane ikkje automatisk inneberer at elevane blir digitale i alle fag. «Å
vere digital» er nemleg noko meir enn å bruke
Office-pakka: det er både å innhente,
vurdere og anvende informasjon, og det utfordrar også skulen på både læringssyn,
vurdering og organisering.
Digitale hjelpemiddel i
undervisninga
«Å kunne bruke digitale
verktøy» er ein av dei grunnleggande ferdigheitene i Læreplanen Kunnskapsløftet,
og det er på sin plass, for me lever i eit utprega digitalt samfunn. Ein tekst
eller eit bilete kan kopierast i millionar på kort tid, me kan ha videokontakt
i samtid over store avstandar og med moderne internettkopla telefonar har ein
tilgang på all verdas informasjon i få tastetrykk. Dette inneber at ein har
mange mogleg heiter til digital støtte i undervisning og læring.
Kartundervisninga
blir noko heilt anna dersom ein brukar Google Earth og geografiske informasjonssystem.
Elevane kan dermed utforske og analysere utvalde kartdata, men har også
moglegheit til å bidra med kartfesta informasjon sjølve, t.d. dialektprøver
eller kulturminnefunn. Norskundervisninga har fått hjelp av dei digitale ordlistene
til universitetet i Oslo, der ein fær opp bøyinga til alle norske ord.
Språkrådet har på sine skulesider omfattande og fleksible oppgåvesett på
nynorsk rettskriving, «norsksidene.no» har forutan fagstoff om sjangrar, mange
rettskrivingsoppgåver på begge målformer med umiddelbar respons. Forlaga har
også starta å utvikle digitale læremiddel med arbeidslette for læraren, enklare
tilpassing og meir moro for eleven. Når ein nyttar læringsplattformar (Fronter,
Itslerarning og liknande) og digitale læremiddel i undervisninga, er elevane på
veg mot «å bli digitale», men det er altså meir som skal til.
Informasjonsveldet
Læreboka og
biblioteket har fått solid konkurranse av PC-en. Informasjonsinnhenting via PC
har vorte ein kjær PC-aktivitet i norske klasserom. Men sjølv om elevane kanskje
har googla sidan dei gjekk i bleie, betyr det ikkje at dei er utlærte. Mi
erfaring er at elevane oftast havnar på Wikipedia. Wikipedia er eit opent
nettleksikon der kven som helst kan legge til eller endre innhaldet. Sjølv om
kvalitetssiktinga blir utførd av brukarane, har fagfolk og kunnige lekfolk
gjort dette til eit innhaldsrikt leksikon som stadig er «up to date». Eit
rimeleg krav til elevtekstar med kjeldeliste, er imidlertid at opplysningane er
kryssjekka med fleire kjelder. Dersom
ein har yngre elevar, eller ha lyst til å styre sjølve leitinga etter
informasjon, kan ein lage ei lenkeliste som elevane skal plukke frå. Ein bør
også vise elevane at det somme tider kan vere lurt å droppe googlinga, men
heller bruke søkefunksjonen når ein har komme seg inn på ei turverdig side som
t.d. Helsedirektoratet, Holocaustsenteret eller liknande.
Medan ein i
tradisjonelle media har redaktørar som filtrerer informasjon, er det fritt fram
for kven som helst å publisere på nett. I tillegg til å finne informasjon, må
elevane lære å forhalde seg kritisk til det dei finn. Å vere kritisk er ikkje
nødvendigvis å sile vekk alt som ikkje er sakleg. Det er vel så viktig å sette
elevane i stand til å «sette merkelapp» (analysere) sidene dei finn. Geir Winje
foreslår å sortere nettstader om trusretningar under «dei fire s-ane»: Saklege,
salege, sinte og seljande sider. I staden for å omgå alt som ikkje er sakleg,
meiner han at elevane må øvast i å vurdere kva for hensikt som ligg bak dei
ulike nettsidene.
Plagieringsproblematikken
Som lærar i
ungdomsskulen vart eg fort konfrontert med plagieringsproblematikken. Det er så
lett for elevane å finne informasjon og kopiere den inn i deira eigne tekstar, for
ikkje å snakke om kor enkel rein plagiering av andres skuletekstar er. Frasesøk
(søk på delvise eller heile setningar omslutta av hermeteikn) og
plagieringskontrollen i Itslearning har avdekka at dette er ganske utbreidd. Ei
løysing er sjølvsagt å berre vurdere elevane si skriving ved skriveøkter på skulen
utan nett-tilgang, men eg har oppdaga dei rike moglegheitene for tilpassa
opplæring og motiverande og matnyttig undervegsvurdering som prosess-skriving
inneberer. Dermed vil eg ha tekstproduksjon over tid, med samarbeid og
nett-tilgang. Dette betyr at eg, i tillegg til å kurse elevane i søketeknikk og
korrekte kjeldelister, også bør øve dei i korleis dei skal forhalde seg til
kjeldene sine.
Ei type kjelde som
ikkje lar seg klyppe og lime inn i ein artikkel, er filmar. NRK har drøssevis
med faglege filmsnuttar av ulik lengde som tvingar elevane til å formulere seg
sjølvstendig. Leif Harboe understrekar at obligatorisk innlevering av
disposisjon og førsteutkast verkar preventivt mot plagiering, og at ein må øve
elevane i å skrive sitat og omskriving. Men han peikar også på at me kanskje
burde endre på sjølve skriveoppgåvene. Me kan rett og slett gje elevane to
eller fleire kjelder med ulike vinklingar på eit tema og be dei om gjere greie
for korleis og kvifor dei er ulike. Ein kan alternativt ha ein del to der
elevane argumenterer for valet av kjelder til teksten.
Ny praksis?
Skulen er treig
materie der endring går saktare enn i fritidskulturen og samfunnet elles. Sjølv
om vi inkluderer digitale læremiddel og ulik programvare i undervisninga, sit
mange normer og tradisjonar «i veggane». Vi har lett for å putte det digitale
inn i eksisterande rammer. Før: gjere lekser i skriveboka, no: gjere lekser i Word.
Før: undervisning med kritt og tavle, no: undervisning med PowerPoint. Det som
både er skremmande og spennande på ein gong, er at digitaliseringa av samfunnet
utfordrar både læringssynet vårt og vurderingspraksisen vår.
Arne Krokan meiner t.d.
at kva som er rasjonell og effektiv undervisning, ikkje er det same i dag som
for 50 år sidan. Han peikar også på at i det moderne samfunnet er læring å vere
forbunde. Ein treng ikkje å tileigne seg kunnskap så lenge ein veit korleis ein
skal «kople seg på» dei rette nettverka. Følgjande meiner han at heile skulen
burde organiserast annleis. Eit forsiktig forsøk på anna organisering, er konseptet
«omvendt undervisning». Dette går ut på at ein lagar videoførelesningar som
førebuing til timen, medan tida på skulen i større grad blir nytta til samtale
og oppfølging av elevane. Som eg har vore noko inne på, er nok vurderingstradisjonane
også modne for endring. Eg håpar me kjem til å sjå ei vriding frå å vurdere
isolerte elevar sine kunnskapar, til å vurdere korleis elevar i fellesskap
analyserer og anvender kunnskapar og ferdigheiter. Den digitale skulen kan vere
radikalt annleis.